Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Brukarutvalet

God brukarmedverknad er sikra gjennom etablerte brukarutval både på regionalt nivå og i helseføretaka.

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner
Brukarutvalet til Pasientreiser HF består av representantar frå sentrale brukarorganisasjonar som Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte, Kreftforeningen og Pensjonistforbundet. Dessutan har utvalet representantar frå alle dei fire regionale brukarutvala. 
 
Utvalet har minimum seks møter i året, inntil tre av desse er digitale. 
 
Brukarutvalet bidreg med rådgjeving og forankring av nye løysingar og utvikling av området. Brukarorganisasjonen sine representantar har fyrstehandskunnskap om korleis pasientreiseordninga fungerer i praksis og er difor ein viktig samarbeidspartner for å lukkast med utviklinga av tenestene. Utvalet tek ikkje formelle avgjerder.
 
Leiar av brukarutvalet er Tor Johnny Agledal, valt inn frå Helse Vest RHF sitt brukarutval. 

Brukarutvalet til Pasientreiser HF handsamar saker på systemnivå innan:

Eg vil melde sak til Pasientreiser HF sitt brukarutval. Hugs å skrive «Sak til Pasientreiser HF sitt brukarutval» i emnelinja.

  • Tor Johnny Agledal, Helse Vest RHF Brukerutvalg, leiar av brukerutvalet, brukarobservatør i Pasientreiser HF sitt styre 
  • Lilli-Ann Stensdal, Helse Sør-Øst RHF Brukerutvalg
  • Anders Johnsen, Helse Midt-Norge RHF Brukerutvalg
  • Ola Arnfinn Loe, Helse Nord RHF Brukerutvalg
  • Geir Strømsholm, SAFO og LFPS
  • Johannes Lofthus, Kreftforeningen
  • Dag Utnes, FFO og Prostatakreftforeningen
  • Unn Tone Forfang Jenssen, FFO og Blindeforbundet
  • Tahar Haddad, vara, Pensjonistforbundet
  • Gunvor Riim Opedal, Pensjonistforundet

 

Dei regionale brukarutvala er rådgivande organ for styret og administrerande direktør i helseregionane og medverkar på eit overordna og strategisk nivå.
 
Her er dei regionale brukarutvala:
 

 

 
Helseføretaka sine brukarutval er rådgjevande organ for styret og administrerande direktør i helseføretaka. Lenkjer til dei ulike helseføretaka sine brukarutval finn du på heimesidene til dei regionale brukarutvala.
Sist oppdatert 20.08.2025