Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Nye soner i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal gjer om på soner for offentleg transport frå 1. november 2023. Pasientreiser sitt regelverk er slik at som pasient har ein som hovudregel berre rett til å få stønad til utgiftene viss reisa er over fleire soner med offentleg transport. 

Publisert 30.10.2023
Sist oppdatert 31.01.2024
En mann og en kvinne som står ved siden av en buss

Når antalet går frå 500 til sju soner med buss i Møre og Romsdal, vil det seie at innbyggarane kan reise lenger, og berre betala billegaste billett på reisa. Det kan påverke retten til å få pengestøtte på reisa si frå Pasientreiser.

  • For å ha rett til å få pengestøtte til reisa, må reisa vere til strakshjelp, eller behandlarar må attestera at pasientens helse gjer det nødvendig å bruka drosje eller bil på reisa.

  • Ver derfor merksam på at denne dokumentasjonen må leggast med på reiser som er innafor éi sone på søknader etter 1. november 2023.

  • Behandlarar finn mal for attest som kan gjevast til pasientar her. Har du spørsmål om dokumentasjon til pasientar, ta gjerne kontakt med Pasientreiser på telefon 05515.
  • Pasientar som køyrde bil til behandlingsstaden fordi det ikkje var mogleg å bruka offentleg transport på heile eller delar av strekninga, treng ikkje attest, men må forklara dette når dei søkjer.

Innbyggarar finn meir informasjon om pasientreiser på helsenorge.no, og helsepersonell finn meir informasjon om pasientreiser på pasientreiser.no.