Reise innafor ei takstsone
Ein kan ha rett til å få støtte til utgiftene viss det er slik at ein treng fleire billettar på reisa, anten fordi ein bruker ulike transportselskap eller reisa tek så lang tid at den som reiser må kjøpa fleire billetta.
Dei seinaste åra har vi sett at fleire fylker har endra soneinndelinga for takstsoner for offentleg transport. For Vestland fylke vart det gjort endringar i 2022, og frå 1. november 2023 vart takstsonene i Møre og Romsdal gjort om. For innbyggarane betyr større takstsoner at dei kan reise lenger med berre ein enkeltbillett. For innbyggarar som bruker pasientreiseordninga kan dette vere uheldig. Det kan vere at dei ikkje lenger får støtte til reisa si, fordi den, med ny sonestruktur, går innafor ei takstsone.
Regelverket for pasientreiser
Pasientreiser følger reglane i pasient- og brukerrettighetsloven og pasientreiseforskriften. Hovudregelen for pasientreiser er at innbyggarar kan søke om pengestøtte til og frå behandling viss reisa er over ti kilometer, og går over fleire takstsoner for offentleg transport.
Denne regelen er ikkje ny, men har vore slik sidan 2016. Viss reisa er innafor ei takstsone, får innbyggarane som hovudregel ikkje støtte gjennom pasientreiseordninga. Det gjeld uansett kva for transportmiddel ein reiser med. Dei seinare åra har det vore ei utvikling i fylka med større takstsoner og fleire stader har pasientar mista retten til pengestøtte for reise til og frå behandling.
Unntak som kan gje rett til å få støtte
Ein kan likevel ha rett til å få støtte til utgiftene sine visse reisa er til strakshjelp, eller helsepersonell har attestert at helsetilstanden til innbyggaren gjer det nødvendig å bruka drosje eller bil på reisa. Det same gjeld viss det ikkje er mogleg å rekke behandlinga ved å reise med offentleg transport.
Med reise innafor ei takstsone meinast reiser der innbyggar berre må kjøpe ein billett til den lågaste prisen transportselskapet har på strekninga. Nokre transportselskap inngår ikkje i soneinndelinga, og nokre ferjereiser krev at ein kjøpar eigne billettar. Viss det er slik at ein treng fleire billettar på reisa, anten fordi ein bruker ulike transportselskap, eller fordi ein reiser både med buss og ferje, til dømes, er det mogleg å søke om pengestøtte hos Pasientreiser. Det gjeld òg viss reisa tek så lang tid at den som reiser må kjøpa fleire billettar, fordi den fyrste går ut på tid.