Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Høyring på endringar i pasientreiseforskriften

No ligg høyring på endringar i pasientreiseforskriften (forenkling og forbetring av reglane for pasientreiser) tilgjengeleg på regjeringa sine nettsider.

Publisert 17.01.2024
Sist oppdatert 09.04.2024
En gruppe fargerike baller på en hvit overflate

Foto: Adobe Stock

Helse- omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) har i lang tid varsla at det skal komme ei høyring om reglane for pasientreiser, og det er Helse- og omsorgsdepartementet som har laga forslaget til endringar. Forslaget har som mål å forenkle og forbetre regelverket. 

Departementet seier at alle kan gi høyringssvar. Og at: "Høyringsinstansane blir bedne om å vurdere om høyringsnotatet bør sendast til underliggande etatar eller verksemder, tilknytte  verksemder, medlemmar e.l." 

Dei seier også at høyringssvar er som hovudregel, offentlege etter offentleglova, og vil bli publiserte.

Det er satt frist til 11. april 2024 for å sende svar på høyringsnotatet.

Du finn alle dokumenta i saka her.