Hopp til innhold

Bestill materiell

Helsepersonell kan bestille reiserekningsskjema, konvoluttar, rettleiingar og anna informasjonsmateriell for pasientreiser utan ekstra kostnad.

 Foto: Pasientreiser HF, Max Emanuelson​

Reiserekningsskjema og informasjonsmateriell

Her kan du bestille du reiserekningsskjema og informasjonsmateriell. Du vel sjølv kor mykje informasjonsmateriell du vil bestille – opp til ei viss grense. Leveringstid er 3–5 dagar. Ynskjer du å bestille meir enn det nettsida tillét, for eksempel ved bestillingar til sentrallager på sjukehus, må du ta kontakt med Pasientreiser HF.
Bestill reiserekningsskjema og informasjonsmateriell
Bilde av brosjyre

Rekvisisjonsblokkar

Når du ikkje har åtgang til elektronisk rekvirering av pasientreiser, for eksempel når systemet er nede, ved heimebesøk eller straumbrot, kan papirrekvisisjon brukast som reserveløysing. Forventa leveringstid på rekvisisjonsblokkar er 6–10 dagar. Merk at dette er ein dør-til-dør-leveranse, og at postboksadresser ikkje kan brukast. Bestillingar til postboks vil ikkje bli sende.
Bestill rekvisisjonsblokkar
Bilde av rekvisisjonsblokk

  1. Vel anten «Reiserekningsskjema og informasjonsmateriell» eller «Rekvisisjonsblokkar» over
  2. For «Reiserekningsskjema og informasjonsmateriell», må du velje anten "Reiserekning og tilhøyrande materiell», «Informasjonsmateriell til pasientar» eller «Informasjonsmateriell til helsepersonell»
  3. For «Reiserekningsskjema og informasjonsmateriell», må du velje produktet du vil ha, deretter språk og ynskja mengd
  4. Når du har valt ynskt materiell, må du trykkje på «Legg i handlekorg» og gå til handlekorga øvst til høgre
  5. Fyll inn kontakt- og leveranseinformasjon og vel «Bekreft og send bestilling»


Dersom du har spørsmål om sporing av pakkar med materiell du har bestilt, kan du ringe leverandøren vår, Erik Tanche Nilssen AS, ved Kristian Dyring (kristian.dyring@etn.no) på telefon 940 00 868. Du kan òg bruke chatten nedst til høgre på bestillingssida.

Om du har andre spørsmål, kan du ta kontakt med Pasientreiser HF.
Sist oppdatert 20.05.2021
Fant du det du lette etter?