Reiser til opptrening eller rehabilitering blir dekte til dei institusjonane som det regionale helseføretaket (RHF) har avtale med.
Gå inn på dei regionale helseføretaka dersom du ønskjer meir informasjon om kva
institusjonar som har avtale:
Rehabilitering i Helse Sør-Øst
Rehabilitering i Helse Vest
Rehabilitering i Helse Midt-Norge
Rehabilitering i Helse Nord
Vel du å reise til ein rehabiliteringsinstitusjon i ein annan region som det regionale helseføretaket ikkje har avtale med, må du sjølv organisere transporten og betale reisekostnadene. Du kan i etterkant søkje om å få refundert beløpet det ville ha kosta deg å reise til den nærmaste rehabiliteringsinstitusjonen i din eigen helseregion.
Helseregionane dekkjer reiser til rehabiliteringsinstitusjon i andre helseregionar dersom det ikkje finst noko relevant tilbod i eigen region. Då treng du berre å betale vanleg eigendel. Ring Rehabiliteringstelefonen gratis på grønt nummer 800 300 61 dersom du ønskjer meir informasjon.
Ver merksam på at fleire institusjonar har tilbod gjennom NAV som ein del av "Raskare tilbake”. For desse tilboda er det eigne retningslinjer for dekking av reiser og eigendelar.
Fleire rehabiliteringsinstitusjonar har landsdekkjande funksjonar. Reise til desse institusjonane blir dekte same kvar i landet du reiser frå. Her skal du berre betale vanleg eigendel. Institusjonar som har landsdekkjande funksjonar:
Skal du vere på institusjon i lengre tid, kan du ha med deg noko meir bagasje enn ved ordinære pasientreiser. Her er det likevel klare grenser, og eit par koffertar blir rekna som ei rimeleg mengd bagasje ved langtidsopphald. Har du meir bagasje må du rekne med å sjølv betale for dette.
Dersom du er avhengig av individtilpassa hjelpemiddel, til dømes spesialtilpassa elektrisk rullestol, blir det lagt til rette for det. I slike tilfelle kan det vere naudsynt å transportere hjelpemidla separat, det er difor viktig at du gjev melding til pasientreisekontoret om slike behov så tidleg som mogleg.
Ønskjer du å ha med deg ein annan type bagasje, må du sørgje for at den blir transportert til behandlingsstaden på annan måte.