Barn som leier ledsager på vei til sykehuset. Foto: Dag Jenssen
Foto: Dag Jenssen

Nødvendig ledsager/reisefølgje på reise har rett til dekning av sine reisekostnadar. Behovet for reisefølgje må dokumenteres av behandler.

Er behovet for reisefølgje dokumentert, kan reiseutgiftene til reisefølgje dekkjast på same måten som for pasientar. Reisefølgje kan søkje refusjon på same reiserekningsskjemaet som pasienten, men kan også velje å sende inn separat reiserekningsskjema. Merk at svar på søknad om refusjon frå reisefølgje blir sendt til pasienten.

Reiser du med rekvisisjon, må behovet for reisefølgje dokumenterast av behandlaren. Dersom reisa krev billettar som er registrerte på namn, og eigen billett til reisefølgjet (til dømes ved flyreiser), må namnet til reisefølgjet stå på rekvisisjonen.

I enkelte tilfelle kan det vere behov for to følgjepersonar ut frå medisinske eller transportmessige årsaker. Behovet for to følgjepersonar må då vere grunngitt av behandlaren.

Drosjesjåføren kan ikkje vere reisefølgje, men kan følgje deg inn og ut frå behandlingsstaden.

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande må du ha dokumentasjon frå revisor på tapt arbeidsfortjeneste.

Ved innlegging

Reisefølgje for pasient som blir innlagd på behandlingsstaden, får dekt det rimelegaste transportmiddelet heim. Reisefølgje som sjølv ønskjer å betale for at drosje/turvogn skal vente på behandlingsstaden, kan før turen kontakte pasientreisekontoret for å høyre om det er mogleg.

Reisefølgje til barn

Barn under 18 år har rett til å ha med seg reisefølgje når dei skal til behandling. Reisefølgjet får dekt reisekostnadane sine ved reise til og frå behandlinga. Andre reiser mens barnet er innlagt i institusjonen, blir ikkje dekte etter sjuketransportforskrifta. Institusjonane kan kontaktas for meir informasjon om dekte kostnadar ved barns innlegging. 

 
Opprettet: 13.12.2010
Sist oppdatert: 31.10.2012