Du kan reise til og frå behandling med rutegåande båt (hurtigbåt, ferje og hurtigrute). Hovudregelen for pasientreise med båt er at du betaler for reisa sjølv og søkjer om å få refundert utgiftene etter at reisa er gjennomført.
Pasientreise med Hurtigruten
Pasientar får eigne avtaleprisar når dei bruker Hurtigruten til pasientreise:
- Pasientar får 10 % rabatt på ordinær reisebillett.
- Frå 15. september til 14. april kostar uspesifisert lugar kr. 200 per person per dag.
- Frå 15. april til 14. september kostar uspesifisert lugar kr. 450 per person per dag.
Praktisering av avtalen
- Innkallingsbrev/stadfesting på behandling frå sjukehus eller behandlingsstad må visast fram ved kjøp av billett om bord på Hurtigruten for å oppnå avtalepris.
- Du får refundert utlegga for båtreisa, med fråtrekk av eigendel, ved å sende inn reiserekningsskjema saman med kvittering og stadfesting på oppmøte i etterkant.
- Ved rekvisisjon til Hurtigruten må pasienten betale eigendel eller vise frikort som ved annan rekvirert transport. Hurtigruten fakturerer det helseføretaket pasienten høyrer til, i ettertid.
- For å få avtalepris må du og eventuelt også reisefølgjet kunne vise legitimasjon på oppfordring.
- Dersom det er nødvendig med daglugar, må du kunne vise fram skriftleg stadfesting frå behandlande lege, eller det må vere dokumentert på rekvisisjonen.
Ambulansebåt ved pasientreiser
Bruk av ambulansebåt til pasientreiser skal vere rekvirert av lege. Ambulansebåt blir berre dekt når ein ikkje kan skaffe rimelegare forsvarleg transport.