Spesielle behov

Helsepersonell og dame i rullestol på vei inn i taxi. Foto: Dag Jenssen
Foto: Dag Jenssen

Spesielle behov som vil påverke pasientreisa, skal registrerast i rekvisisjonen. Spesielle behov kan til dømes vere krav til sitjestilling, regulerbart sete, bruk av rullestol eller behov for reisefølgje.

Når du bestiller reisa, må du opplyse om spesielle behov, slik at pasientreisekontoret kan leggje reisa best mogleg til rette.

Ved behov for rullestol
Ved bestilling av reiser der rullestol skal vere med eller brukast, er det viktig at du oppgir kva slags type bil som er nødvendig. Nokre rullestolar er samanleggbare og får plass i ein vanleg bil eller stasjonsvogn. Andre rullestolar krev spesialbil.

Det skal stå på rekvisisjonen kva slags type bil du har behov for, men hugs òg å gi beskjed om det til pasientreisekontoret når du bestiller. 

 
 
Opprettet: 13.12.2010
Sist oppdatert: 13.02.2012