Pasientreiser i Helse Vest
Helse Vest har fire pasientreisekontor, eitt i kvart helseføretak.
I løpet av hausten 2009 overtar helseføretaka dei siste oppgåvene som NAV i dag utfører når det gjeld pasientreiser. Dette gjeld mellom anna saksbehandling av reiseoppgjør. Rettane dine er uendra, men omlegginga inneber likevel nokre praktiske endringar for deg som pasient.
Den viktigaste endringa for deg som pasient/pårørande blir at du ikkje lenger kan oppsøkje NAV for å få dekt utlegg for ei pasientreise, men må søkje om å få refundert utlegg. Dette gjer du ved å sende inn ei reiserekning. Skjemaet sender du saman med ei stadfesting av at du har vore til behandling, saman med alle originalkvitteringar, til Helseforetakenes senter for pasientreiser (adressa finn du på skjemaet, som er tilgjengeleg hos alle fastlegar, behandlarar og sjukehus). Din søknad om refusjon vil bli behandla ved ditt lokale pasientreisekontor.
I Helse Vest skjer overtakinga gradvis i kvar helseregion frå 5. november. Vel ditt pasientreisekontor for å sjå når endringane skjer der du bur:
Se rutetider for Helseekspressen


