
Tett dialog med brukarane av pasientreiser er heilt nødvendig for å møte behova til pasientane. For å sikre brukarmedverknad er to brukarrepresentantar frå dei regionale brukarutvala observatørar i styret til Pasientreiser ANS.
I tillegg har Pasientreiser ANS eit eige brukarpanel. Brukarpanelet er eit rådgivande forum for administrerande direktør i Pasientreiser ANS. I brukarpanelet sit representantar frå dei to andre regionale brukarutvala og representantar frå dei ulike brukarorganisasjonane.
Vi set dessutan alltid pris på innspel frå brukarane. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@pasientreiser.no.