Ledsager/Reisefølgje

Barn som leier ledsager på vei til sykehuset. Foto: Dag Jenssen
Foto: Dag Jenssen

Pasientar som får dekt utgifter til pasientreise, har òg rett til å få dekt utgifter til nødvendig reisefølgje. Det gjeld både for reiser med og utan rekvisisjon. Behovet for reisefølgje må dokumenterast av deg som behandlar.

Utgifter til reisefølgje skal dekkje nødvendige reise- og opphaldsutgifter og kompensere for tap av arbeidsinntekt for reisefølgjet, etter satsar som Stortinget har fastsett. Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande må du ha dokumentasjon frå revisor på tapt arbeidsfortjeneste.

I enkelte tilfelle kan det vere behov for to følgjepersonar ut frå medisinske eller transportmessige årsaker. Behandlaren må då grunngi behovet for to følgjepersonar.

Kvalifisert reisefølgje

I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig med kvalifisert reisefølgje. Kvalifisert reisefølgje vil seie reisefølgje som om nødvendig kan gi medisinsk behandling, til dømes sjukepleiar, lege, fysioterapeut og jordmor. Under visse omstende kan også andre bli rekna som kvalifisert reisefølgje, til dømes politi, spesiallærar, døvetolk og tolk for pasientar som ikkje snakkar norsk. Arbeidsgodtgjersle som kvalifisert reisefølgje krev at pasienten ikkje kan reise utan at reisefølgje med aktuelle kvalifikasjonar er tilgjengeleg.

Reise med rekvisisjon

For reiser med rekvisisjon må behovet for reisefølgje påførast i merknadsfeltet på rekvisisjonen. Dersom reisa krev billettar som er registrerte på namn, og eigen billett til reisefølgjet (til dømes ved flyreiser), må namnet til reisefølgjet stå i merknadsfeltet på rekvisisjonen. Reisefølgje treng ikkje betale eigendel for pasientreisa.

Reise utan rekvisisjon

Reisefølgje søkjer refusjon av utgifter på same måten som pasientar gjer det. Reisefølgje kan søkje refusjon på same reiserekningsskjemaet som pasienten, men kan også velje å sende inn separat reiserekningsskjema. Merk at svar på søknad om refusjon frå reisefølgje blir sendt til pasienten.

Ved innlegging

Reisefølgje for pasient som blir innlagd på behandlingsstaden, får dekt det rimelegaste transportmiddelet heim. Reisefølgje som sjølv ønskjer å betale for at drosje/turvogn skal vente på behandlingsstaden, kan før turen kontakte pasientreisekontoret for å høyre om det er mogleg.

Reisefølgje til barn

Det blir gitt dekning etter sjuketransportforskrifta for reiseutgifter til foreldre (reisefølgje) til barn under 18 år som følgjer barnet til og frå behandling og ved eventuell innlegging og utskriving. Reisefølgjet sin rett til å få dekt tapt arbeidsinntekt er heimla i § 10 i sjuketransportforskrifta. I enkelte tilfelle kan det vere behov for to følgjepersonar av medisinske årsaker. Det må vurderast konkret av behandlaren. I dei tilfella der det dreier seg om alvorleg/livstruande sjuke barn, kan begge foreldra følgje barnet og få dekning.

 
Opprettet: 11.01.2011
Sist oppdatert: 02.03.2011