
- Foto: Dag Jenssen
Nokre pasientar har spesielle behov som ein må ta omsyn til under transporten. Det er behandlaren som avgjer kva behov ein skal ta omsyn til. Pasientreisekontoret må få beskjed om desse forholda når behandlaren rekvirerer reisa.
Dersom du nyttar elektronisk rekvisisjon, kryssar du av for kva behov det gjeld, under steg 3: Reise /Spesielle behov. Eventuelle beskjedar til transportøren skriv du i feltet Melding til transportør. I tilleggsinformasjonsfeltet kan du skrive melding til pasientreisekontoret. Døme på slik informasjon er at pasienten ikkje må samkøyrast av medisinske årsaker.
På papirrekvisisjonen noterer du spesielle behov i merknadsfeltet.
En beskrivelse av hvordan du skriver en elektronisk rekvisisjon finner du her.
Spesielle behov kan vere:
- Sitjestilling
Nokre pasientar kan ha behov for tilpassa sitjestilling i bilen. Under Spesielle behov kan du krysse av for behov som ”høg innstiging”, ”liggje framme” (sitje bakoverlent med sikkerheitssele) eller ”sitje framme”
- Barnesete
Ved behov for barnesete kryssar du av for det og oppgir i feltet til transportøren kor mange kilo barnet er, eventuelt barnets alder.
- Elektrisk rullestol
Dersom pasienten sit i elektrisk rullestol som krev spesialbil (rullestolbil), er det viktig at du oppgir det. Viktig: I feltet Spesielle behov må du krysse av for både Elektrisk rullestol og Rullestolbil.
Manuell rullestol (samanleggbar): Dersom rullestolen ikkje får plass i ein vanleg personbil, kryss av for stasjonsvogn.
- Åleinebil
Helsepersonell kan rekvirere ”bil åleine” til pasientar som på grunn av helsetilstanden har behov for spesiell tilrettelegging. Bruk av åleinebil må vere grunngitt og opplyst om til pasientreisekontoret. Det må kryssast av for Åleinebil i NISSY. Ein må alltid grunngi behov for åleinebil. Døme på pasientar som har behov for åleinebil, kan vere pasientar med smittefare eller pasientar med hyperallergi. Nokre dialysepasientar og pasientar innanfor psykiatrien kan òg ha behov for åleinebil.
- Fast sjåfør
Pasientreisekontoret gjer merksam på at fast sjåfør ikkje er ein rett i dagens regelverk. Dersom pasienten av helsemessige årsaker har behov for å ha med seg ein kjend person under transporten, er det aktuelt med reisefølgje (sjå neste punkt).
- Reisefølgje
Det må vere nødvendig med reisefølgje av helsemessige årsaker. Reisefølgje skal vere nødvendig for sjølve reisa, ikkje for opphaldet elles. Vanlegvis får éin følgjeperson dekt reisa. Dersom reisefølgjet ikkje maktar oppgåva åleine, kan ein få godtgjersle for to følgjepersonar, til dømes dersom pasienten er særleg pleietrengande, bruker rullestol eller liknande.
Ved alvorleg sjukdom hos barn under 10 år blir reiseutgifter for begge foreldra dekte når dei reiser saman med barnet til innlegging ved sjukehus.
- Kvalifisert reisefølgje
Reisefølgje som kan gi medisinsk behandling, blir rekna som kvalifisert reisefølgje. Kvalifisert reisefølgje kan til dømes vere lege, sjukepleiar eller fysioterapeut. Godtgjersle som kvalifisert reisefølgje er avhengig av at pasienten ikkje kan reise utan at reisefølgje med aktuelle kvalifikasjonar er tilgjengeleg.
Opprettet: 11.01.2011
Sist oppdatert: 26.02.2011